Selskap og bryllupsfeiring

Har de lyst å ha hotellet for dykkar sjølve, ved neste store feiring? De kan leiga heile Walaker Hotell og få den beste råma som finst for denne store anledningen.

Walaker Hotell kan ta maks 64 gjester til bespising i større selskap. Her kan de velja mellom 3, 4 eller 5 retters festmiddagar. 4 rettar er nok det som er mest brukt hjå oss. 

Her kan me då byrja med apritiff i hagen, for så å trekka inn i restauranten ei stund etter.
Om det er litt grått vær med litt regn i lufta, så benyttar me oss berre av Galleri Walaker sine lokaler, som er over 3 etg.

Middagen med talar tek altid litt ekstra tid, men når takkformaten talen er gjort, så kan me alle gå frå bordet.
Kveld vert til natt, og me har lukka lag. Dermed så kan me få festa litt ekstra utover natta, til musikk eller andre innslag som gjestene har planlagt.

Frukosten dagen etter, vert når gjesten har lyst på den. Som regel er det frå 10 til 12, og med påføljande sein utsjekk av romma.

kampanjetopp.gif

-Siste helg i September: Fredag til søndag (24 -26 sept.)

Walaker Hotell sluttar september månad med stor fest!  Mykje lokalmat og gode vinar:

Pris tilbod

  • Kr 1150,- pr person i standard dobbeltrom i nybygget, pr natt ved overnatting i 2 netter.

 

  • Kr 1350,- pr person i historiske dobbeltrom i anten hovudhuset eller Tingstova, pr natt, ved overnatting 2 netter.

Dette inkl. ein flott 3 retters meny på fredag 24 sept. og ein framifrå 4 retters fest meny på laurdag 25 sept. Frukost kvar morgon.

Omvisning i Galleri Walaker 300 sine utstillingar, der det er siste moglegheit for å sjå Kjell Nupen, Rolf Nerli og Tina Tobiasen. 

Bestill her!

 

Senior prisar i september 2010

Har du anledning å komme til Walaker midt i veka?

Ved ankomst frå søndag og med avreise fredag, så har Walaker Hotell gode prisar til dykk som nyter pensjonsalderen, og overnattar her 2 netter.

Pris tilbod

  • Kr 1100,- pr person i standard dobbeltrom i nybygget, pr natt ved overnatting i 2 netter.

 

  • Kr 1300,- pr person i historiske dobbeltrom i anten hovudhuset eller Tingstova, pr natt, ved overnatting 2 netter.

Dette er inkludert:

- Det vert ein framifrå 4 retters festmiddag kvar kveld i vårast hyggjeleg restaurant.

- Vertskapet vil også ta dykkar med på historieforteljing i vårast kunstgalleri som liggjer rett bak hotellet.

Bestill her!

 

 




  Walaker Hotel - Solvorn Norway  |  Tlf: 57 68 20 80  |  E-post: hotel@walaker.com  |  Login