Walaker Hotell er over 300 år gamalt, og har like lenge vore i familien Nitters eige. Hotellet har gått i arv frå generasjon til generasjon, og i dag er hotellet ein attraksjon i seg sjølv.
Slekta Nitter kom sannsynlegvis opprinneleg frå Skottland. Eit medlem av slekta kom til Bergen på 1500-talet og slo seg opp som handelsmann på Vestlandet. På byrjinga av 1600-talet flytta deler av familien til Sogn. Christen Nitter, som seinare skulle bli grunnleggjaren av det som i dag er Walaker Hotell Gjestgivargarden, hadde difor vakse opp i Indre Sogn. Han drog ut i verda for å lære seg eit handverk, og gjekk nokre år i gullsmedlære, før han i 1690 vende tilbake til Solvorn og leigde handelsstaden på Vollåker.
Saman med kona Birgitt byrja han no å drive som handelsmann og kroholder i Solvorn. Dei fekk sju barn, og den yngste sonen, Ludvig, overtok drifta. Ludvig var kjend for å bryggje godt øl. Det vart brygga av byggkorn om vinteren, og så måtte ein lagre det i ein kald kjellar for å ha nok å ta av heile sommaren.
Ludvig Nitter gifta seg med "demoiselle" Øllegård Klingenberg. Då han døyde i 1776, styrte enka vidare i kraft av hans borgarbrev slik enker hadde rett til. Paret fekk seks barn, og også denne gangen, vart det yngstesonen som overtok drifta av hotellet. Henrik dreiv hotellet frå 1790 til 1821, då sonen Erik overtok.
Erik gifta seg med Malene Mo frå Hafslo. Paret fekk ein son som døydde som liten og fire døtre. Det vart eldste dottera, Mette Malene, som fekk skjøte på eigedommen. På midten av 1800-talet begynte dei første turistane å komme til Vestlandet. I 1865 reiste den svensk-norske kronprinsen, seinare kong Carl 15., gjennom Norge. Han reiste over Sognefjellet, og ut Sognefjorden. Med i følgjet hans var fotograf Mathias Hansen, og det var truleg han som tok dei første bileta av Solvorn og Walaker Hotell.
Mette Nitter Walaker døydde i barselseng, berre førti år gamal. Det var den 11. fødselen i eit 23 år langt ekteskap med Jakob Sjursen Talle. Fire av dei 11 barna døydde tidleg, og av dei som fekk vekse opp var det eldstesonen Erik som i 1878 overtok staden, for så å overlate drifta til odelsguten Wilken.
Wilken var gift med Inga Ragnhild Mo frå Luster, og ho vart etter kvart ein legende som hotellvertinne i Solvorn. I tillegg til å drive gjestgiveriet, hadde dei også båtekspedisjonen i Solvorn og ansvaret for postkontoret. Det var no grunnlaget vart lagd for ei meir moderne hotelldrift på Walaker, då dei på midten av 1930-talet bygde om den gamle gjestgivargarden for å gjere han meir funksjonell. For å auke romkapasiteten fekk dei og i 1964 oppført ein bungalow-liknande motellbygning i hagen ved sida av den gamle tingstova.
Tidene har skifta, generasjoner likeså, men på Walaker Hotell er lite eller ingenting forandra. Dagens vertskap er 8. og 9. generasjon av slekta Nitter. Hermod er fødd og oppvasken i Solvorn medan kona Oddlaug Marie f. Bringe er opprinneleg frå Numedal. Dei tok over som eigarar i 1978, men har drive staden sidan dei gifta seg i 1968.
I tilknyting til 300-års jubileet vart kunstgalleriet Galleri Walaker 300 opna i den gamle uthusbygningen rett bak hotellet.
I dag dreiv dei familiehotellet saman med sonen Ole Henrik, og alle tre er levande opptekne av å føre dei ærverdige tradisjonane vidare.
10.generasjon heiter Theodor Nitter Walaker og kom til verden i oktober 2006. Han må skolerast godt, og lærast opp til mangt og mykje, før han, forhåpentlegvis vil ta over om ca 30 år.