Noregs eldste hotell inviterar til kurs


Lengst inne i den mektige Sognefjorden ligg den idylliske småbygda Solvorn. Her er det fred og ro som står i høgsetet, ei ypperleg råme for deg som kurs- og konferansegjest.

Me har 25 doble rom på hotellet, men dersom du er litt fleksibel så vil me væra behjelpelege med ytterlegare overnatning i nærleiken.

Moderne møtelokal har me blant anna i vårast flotte og kjende kunstgalleri der spennande kunst, i sesongen, vil pryda alle veggar.

I tillegg til galleriet, så er det også moglegheit for å ha møterom/grupperom i den gamle Tingstova. Me har i alt 6 mindre grupperom.

Ved større arrangement vil ein bruka høyloftet i galleriet til konferansesal. Salen er på 95 m2. Etter oppsett er det plass til 70 (kino) - 50 (klasserom) - 25 (bankett).

Utstyr: videoprosjektor, overhead, flipover, TV og video. Anna utstyr vert skaffa på førespurnad.

Sjå våre prisar eller ta kontakt for eit godt tilbod!