Hagen på Walaker Hotel


Den stemningsfulle hagen utgjer ein viktig del av miljøet på Walaker Hotel. Oppover veggene klatrar "Svartgallebær" og i hagen står syriner og frukttrær i full blomst. Omkransa av mektige fjell og med utsikt til sagnomsuste Sognefjorden, er det her du skal finne roen!

Om våren sprer syrinene si gode lukt, medan om sommarmånadane er det alle dei ulike rosene som sjarmerar.

Elles i hagen er det mange hyggelege bord. Gode hagemøblar gjer at du kan synka tilbake å nyta alt du har rundt deg. Kva med eit glas god vin etter at de har sjekka inn på hotellet?