![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Historie Walaker Hotell er over 300 år gamalt, og har like lenge vore i familien Nitters eige. Hotellet har gått i arv frå generasjon til generasjon, og i dag er hotellet ein attraksjon i seg sjølv. Slekta Nitter kom sannsynlegvis opprinneleg frå Skottland. Eit medlem av slekta kom til Bergen på 1500-talet og slo seg opp som handelsmann på Vestlandet. På byrjinga av 1600-talet flytta deler av familien til Sogn. Christen Nitter, som seinare skulle bli grunnleggjaren av det som i dag er Walaker Hotell Gjestgivargarden, hadde difor vakse opp i Indre Sogn. Han drog ut i verda for å lære seg eit handverk, og gjekk nokre år i gullsmedlære, før han i 1690 vende tilbake til Solvorn og leigde handelsstaden på Vollåker.
Saman med kona Birgitt byrja han no å drive som handelsmann og kroholder i Solvorn. Dei fekk sju barn, og den yngste sonen, Ludvig, overtok drifta. Ludvig var kjend for å bryggje godt øl. Det vart brygga av byggkorn om vinteren, og så måtte ein lagre det i ein kald kjellar for å ha nok å ta av heile sommaren.
|
|
|
|
![]() |
![]() |