![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Historie (side 2) Ludvig Nitter gifta seg med "demoiselle" Øllegård Klingenberg. Då han døyde i 1776, styrte enka vidare i kraft av hans borgarbrev slik enker hadde rett til. Paret fekk seks barn, og også denne gangen, vart det yngstesonen som overtok drifta av hotellet. Henrik dreiv hotellet frå 1790 til 1821, då sonen Erik overtok. Erik gifta seg med Malene Mo frå Hafslo. Paret fekk ein son som døydde som liten og fire døtre. Det vart eldste dottera, Mette Malene, som fekk skjøte på eigedommen. På midten av 1800-talet begynte dei første turistane å komme til Vestlandet. I 1865 reiste den svensk-norske kronprinsen, seinare kong Carl 15., gjennom Norge. Han reiste over Sognefjellet, og ut Sognefjorden. Med i følgjet hans var fotograf Mathias Hansen, og det var truleg han som tok dei første bileta av Solvorn og Walaker Hotell.
Mette Nitter Walaker døydde i barselseng, berre førti år gamal. Det var den 11. fødselen i eit 23 år langt ekteskap med Jakob Sjursen Talle. Fire av dei 11 barna døydde tidleg, og av dei som fekk vekse opp var det eldstesonen Erik som i 1878 overtok staden, for så å overlate drifta til odelsguten Wilken.
|
|
|
|
![]() |
![]() |