Galleri Walaker 300


I anledning 300-års jubileet til familien Nitter Walaker ved hotellet i 1990, vart Galleri Walaker 300 opna i den gamle uthusbygningen rett bak hotellet.

Bygningen, slik han står i dag, vart bygd i 1883 med materialer frå tømmerkyrkja i Solvorn, bygd ca 1600. I den bevaringsverdige fjøsbygningen vert det arrangert utstillingar av lokale og nasjonale kunstnarar. Første utstilling opnar 25. April, og andre utstillinga opnar den 11.juli. Fleire av kunstnarane vil vera her på opninga.

Galleriet er ope tysdag-søndag frå kl. 12.00 til kl. 17.00. Måndag stengd.