Om Hotellet
Like ved fjorden i den idylliske bygda Solvorn i Luster kommune, finn vi Walaker Hotell. Hotellet, som har gått i arv frå generasjon til generasjon, er eit sjarmerande familiehotell og ein attraksjon i seg sjølv. Hotellet har vore i familiens eige sidan 1690, og er det elste familie drevne hotellet i Noreg, med over 310 års historie.
Hagen
Den stemningsfulle hagen utgjer ein viktig del av miljøet på Walaker Hotell. Oppover veggene klatrar "Svartgallebær" og i hagen står syriner og frukttrær i full blomst. Omkransa av mektige fjell og med utsikt til sagnomsuste Sognefjorden, er det her du skal finne roen!
Middag om kvelden
Vi set pris på at gjestene har det godt, og at dei trivst i kvarandre sitt selskap. Ei god ramme rundt dette er middagen om kvelden. Her er standarden sett høgt, både på mat og vin. Og når kveld går over til natt, ynskjer gjestene våre å få seg ei god natt søvn.