Tilbod opningshelg 2018

Kvifor ikkje ta turen til Solvorn i byrjinga av april? Walaker Hotell inviterar dykk alle til sesongopning av hotellet. Me håpar å sjå deg for ei helg med avslappning, god mat og drikke.

Posted on December 6, 2017 .

Galleriopning 2018

       

 

 

 

 

Tilbod på opphald over 3 dagar
(2 overnattingar) – frå Kr. 1320,- pr. person, pr. natt i dobbeltrom

Walaker Hotell invitera dykk alle til opning av vår- og sommarutstillinga i Galleri Walaker 300. I den fyste utstillinga i 2018 har me den store gleda av å presentere Nico Widerberg, Magne V. Kristiansen, Tove Holmøy og Karin Øvstedal.

Me håpar å sjå deg for ei helg med spennande kunst, vakre omgjevnader og god mat og drikke.

 

Tilbodet gjeld for to netter, frå fredag 13. april til søndag 15. april 2018.

Opphald i Superior rom. For oppgradering til historisk rom vert prisen kr. 1520,- pr. person, pr. natt i dobbeltrom.

  • God norsk bondefrukost begge dagar.
  • Framifrå 4-retters middag begge kveldane.
  • Inngang Galleri Walaker 300. Flotte utstillingar i 3 etasjar
  • Urnes Stavkyrkje ligg rett over fjorden. Ferjeavgang frå Solvorn.
  • Moglegheit for å besøka Jostedalsbreen.
  • Flotte fjelltoppar med nydeleg utsikt.
  • Flotte turløyper lokalt i Solvorn, med ulike vanskelegheitsgrader.

Book her!

Hugs at når ein bookar dette tilbodet, må ein huke av for to netter. Ta kontakt med oss dersom du undrast på noko angåande dette tilbodet. 

Posted on December 4, 2017 .

Fruktblomstring 2018

Slutten av mai er vanlegvis den store epleblomstringstida i Solvorn. Om ikkje me skal ta opp konkurransen med Hardanger så er det i alle fall eit fantastisk flott skode å sjå det kvite teppet som brer seg utover bygda. Kva med å i tillegg nyta dette med eit glas frisk og lokal eplejuice i handa?
 

Posted on December 1, 2017 .

Smaken av Sogn

Mmmm….hjort, angus, fisk, skaldyr, frukt, bær, honning, grønnsaker, urter..ja, me kunne fortsatt i det uendelege. Dette er nokre av dei godsakene som finst her i Sogn. Lokal mat har kanskje aldri stått sterkare enn det gjer no, og me på Walaker Hotell prisar oss lukkelege over å få lov til å ligga midt i dette rike matfatet, og få lov til å bruka desse flotte produkta i vårt daglege virke er noko mange kan misunna oss.
 

Posted on March 18, 2014 .

Seniortilbod

Tilbodet gjeld søndag-fredag 4. mai-20. juni og 17. august-28. september. Klikk under på "book her" for å sjå tilgjengelegheit.

Posted on March 15, 2014 .

Romantisk opphald

Kva med å ta med deg din kjære til Noregs eldste hotell? Her kan de nyta kvarandre i fredelege og naturskjønne omgjevnader langt frå rutinar og stress. Lengst inn i den mektige Sognefjorden ligg den idylliske småbygda Solvorn. Her er det fred og ro som står i høgsetet, ei ypperleg råme for dykk med romantikk i tankane.
 

Posted on March 14, 2014 .

Fjordsafari med kajakk/kano

Som næraste nabo til Sognefjorden har me alle moglegheiter til å nyta den best mogeleg. Ein padletur på fjorden i solskin er noko av det mest avslappande du kan gjera. Omringa av høge fjell og eit rikt dyreliv kan du berre padla av stad utan å ha noko endeleg mål. Er du heldig får du også eit glimt av den delfinliknande nisa og ”selen” vår, kobben.
 

Posted on March 13, 2014 .

Fottur i Sogn

Bygdelaget i Solvorn har gjort ein fantastisk jobb med å setja i stand flotte turløyper rundt om og i bygda. Med ulike vanskelegheitsgrader har du ei rekke alternativ der du kan bruka alt frå 1-7 timar i flott natur. Hjå oss kan du få både kart og gode anbefalingar samt tips om andre (topp)turar i området.
 

Posted on March 11, 2014 .