Fjordsafari med kajakk/kano

Som næraste nabo til Sognefjorden har me alle moglegheiter til å nyta den best mogeleg. Ein padletur på fjorden i solskin er noko av det mest avslappande du kan gjera. Omringa av høge fjell og eit rikt dyreliv kan du berre padla av stad utan å ha noko endeleg mål. Er du heldig får du også eit glimt av den delfinliknande nisa og ”selen” vår, kobben.

Tilbod på opphald over 3 dagar
(2 overnattingar) – frå Kr. 1575,-** pr. person, pr. natt i dobbeltrom.

Tilbodet gjeld 24.april-25.mai og 3.september-1.oktober.
Klikk under på "book her" for å sjå tilgjengelegheit.

  • **Opphald i Superior rom. For oppgradering til historisk rom gjeld andre prisar.
  • God norsk bondefrukost alle dagar.
  • Mogleghet for å smøre med seg nistepakke til fotturane.
  • Framifrå 4-rettars middag begge kveldane.
  • Inngang Galleri Walaker 300. Flotte utstillingar i 3 etasjar.
  • Lån av kajakk eller kano ein heil dag.
  • Urnes Stavkyrkje ligg rett over fjorden. Ferjeavgang frå Solvorn.
  • Kort veg til Jostedalsbreen. 
  • Flotte fjelltoppar med nydeleg utsikt.
  • Gode turløyper lokalt i Solvorn, alle med ulike vanskelegheitsgrader.

Book her!

Posted on March 13, 2014 .