Fruktblomstring 2017

Slutten av mai er vanlegvis den store epleblomstringstida i Solvorn. Om ikkje me skal ta opp konkurransen med Hardanger, så er det i alle fall eit fantastisk flott skode å sjå det kvite teppet som brer seg utover bygda. Kva med å i tillegg nyta dette med eit glas frisk og lokal eplejuice i handa?

Tilbod på opphald over 3 dagar
(2 overnattingar) – frå Kr. 1425,- pr. person, pr. natt i dobbeltrom.

Tilbodet gjeld 30.04-25.05.2017. (Gjeld ikkje 17.Mai)

  • Opphald i Superior rom. For oppgradering til historisk rom vert prisen
    kr. 1625,- pr. person, pr. natt i dobbeltrom.
  • God norsk bondefrukost alle dagar.
  • Framifrå 4-rettars middag begge kveldane.
  • Inkluderar 1 stk. 5-liter kartong med lokal eplejuice.
  • Inngang Galleri Walaker 300. Flotte utstillingar i 3 etasjar.
  • Urnes Stavkyrkje ligg rett over fjorden. Ferjeavgang frå Solvorn.
  • Kort veg til Jostedalsbreen.
  • Flotte fjelltoppar med nydeleg utsikt.
  • Gode turløyper lokalt i Solvorn, alle med ulike vanskelegheitsgrader.

Book her!

Posted on March 17, 2014 .