Wittgensteinseminar 2017

I samarbeid med Knut Olav Åmås, Trond Berg Eriksen og Tor Espen Aspaas har Walaker Hotell igjen gleda av å få invitera deg til eit flott opphald og seminar om den verdskjende filosofen Ludwig Wittgenstein.

Wittgensteins verd 21-23 april 2017


Filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) er ein av dei mest fascinerande skikkelsane og tenkjarane i det 20. århundre. To gonger forandra han filosofihistoria si retning. Begge gonger satt han i Skjolden i Sogn og skreiv manuskripta som blei avgjerande for desse vendingane. ”Grensene for språket mitt, er grensene for verda mi” skreiv han ei gong.

Fredag: Ankomst og innsjekk. Middag er ein3-rettars meny med kåseri av Knut Olav Åmås og Knut Aastad Bråten kl. 20:00

Laurdag: Den store seminardagen. Dette vil bli halde i vårt kunstgalleri, Galleri Walaker 300 og me startar kl. 09.00. Vidare vert det førmiddagsmat kl. 12 og ei spennande utflukt kl. 13.00. Fyrst med ferje over fjorden og kort besøk på Urnes stavkyrkje, så vidare med buss til Skjolden, der Wittgenstein hadde si hytte. Enkel bespisning på Eide Gard.   Attende til Walaker Hotell ca kl 18:00
På kvelden serverar me ein framifrå 3-retters middag kl. 20.00 i restauranten.

Søndag: Seminaret fortset frå kl 09.00 og fram til førmiddagsmat kl. 12. Avreise.


Walaker Hotell har overnatting i to ulike typar rom. Historiske rom i dei gamle husa, eller Superior rom i nybygget.

Prisar per person


Dobbeltrom i nybygget, inkl. seminar og alle måltid kr. 4800,-

Som enkeltrom er pris kr. 5700,-

Historiske dobbeltrom i dei gamle husa, inkl. seminar og alle måltid kr. 5200,-
Som enkeltrom er pris kr. 6300,-

Kun seminar, inkl. utflukt og førmiddagsmat kr. 2175,-

Kun seminar kr. 1225,-
(Påmelding til kun seminar, utflukt og lunsjar må bestillast pr. telefon eller e-post. Alle deltakarar vil bli førehandsfakturert 50% av prisen. Beløpet er ikkje refunderbart).

Påmelding: www.walaker.com eller hotel@walaker.com  De kan sjølvsagt ringja tlf. 57 68 20 80.

 

(Påmelding til kun seminar, utflukt og lunsjar må bestillast pr. telefon eller e-post. Alle deltakarar vil bli førehandsfakturert 50% av prisen. Beløpet er ikkje refunderbart).

Påmelding: www.walaker.com, hotel@walaker.com eller tlf. 57 68 20 80.
 

Seminaret «Wittgensteins verd. Nye blikk på Wien og wienerkulturen» 


For sjuande gong inviterer Walaker Hotell og Knut Olav Åmås til ope seminar for ållment
interesserte om Wien, wienerkulturen og filosofen Ludwig Wittgenstein.


Eit viktig tema i fleire føredrag er tenkinga til Wittgenstein, som skreiv deler av dei viktigaste verka sine i Sogn, men føredraga gjev også ny kunnskap om den unike kulturen som blei skapt i Wien i tiåra før og etter år 1900. 

Som seminarleiar skal eg sjølv halda fleire førelesingar om Wittgenstein, biografien hans og tenkinga hans.

Dei to gjesteførelesarane i år er Trond Berg Eriksen, professor i idéhistorie og forfattar, som vil snakka om "Wien - det modernes heksekjøkken", og musikkprofessor og pianist Tor Espen Aspaas som vil spela og snakka om temaet "Wienerske lydspor fra Haydn til Schönberg".

Denne gong er tidspunktet fredag 21. til søndag 23. april (frå middag fredag kveld til lunsj søndag). Seminaret er ikkje for ekspertar, men for folk som er allment interesserte i det fascinerande fenomenet wienerkulturen fin-de-siècle, og kunsten og tenkinga som utfalda seg der.

Vitskapleg og kulturelt var Wien rundt år 1900 ei blømingstid som byen og resten av Europa ikkje har sett maken til - verken før eller sidan. I biletkunsten med blant andre Klimt og Schiele, i musikken med mellom andre Mahler og Schönberg og i vitskapen med Freud, for berre å nevna nokre få. Og samtidig: Den unge, mislukka kunstnaren Adolf Hitler luska rundt i gatene, snart kom også Trotskij og Stalin til byen. Og utan at mange visste det, hadde alt saman stø kurs mot undergangen.

Utflukt blir det også undervegs i seminaret – til Urnes stavkyrkje rett over fjorden, og til restane av Ludwig Wittgensteins hyttetomt i Skjolden litt lenger inn i fjorden. Det blir kunstnarlege innslag under middagane.

Det kan bli ei interessant og hyggeleg vårhelg ved breidda av Sognefjorden. I tillegg til seminar og diskusjonar med romslege pausar og fristunder, er Solvorn og hotellet frå 1640 (Norges eldste) ei spesiell ramme.

Her finn du programmet for seminaret:

Program for seminaret Wittgensteins verd

Program for seminaret «Wittgensteins verd. Nye blikk på Wien og wienerkulturen»
21. til 23. april 2017

FREDAG KVELD

2000 - Middag med kåseri av Knut Olav Åmås og Knut Aastad Bråten basert på boka deira om Wien.
Musikkinnslag

 
LAURDAG

0900-1030 - Trond Berg Eriksen
-Wien – det modernes heksekjøkken

1030-1100 - Pause


1100-1200 - Knut Olav Åmås:
-Livet til Wittgenstein – og åra hans i Norge


1200-1300 - Førmiddagsmat


1300-1800 - Utflukt til Urnes stavkyrkje, Wittgenstein-stader i Skjolden og hyttetomta til Wittgenstein i Skjolden.   Ferja går kl 13:00


2000: Middag med kunstnarlege innslag


SØNDAG

0900-1030 - Tor Espen Aspaas:
Wienerske lydspor fra Haydn til Schönberg

1030-1045 - Kort pause


1045-1200 - Knut Olav Åmås:
-Ludwig Wittgensteins filosofi: Det som ikkje kan seiast – og språket som formar verda


1200-1300 - Førmiddagsmat

Avreise

 --

For ordens skuld: Eg er seminarleiar og ansvarleg for innhaldet i seminaret. Alle andre spørsmål og påmelding tek du kontakt med Walaker Hotell om!

Eg vonar du har høve til å ta del!

 

Beste helsingar

Knut Olav Åmås

 



 

 

Posted on January 26, 2016 .