Hovudhuset

Har hovuddelen sin frå ca. 1630 – 1650 då det var skysstasjon og gjestgiveri. Slik bygningen er i dag, blei den til i 1934. Det var arkitekt Lindstrøm som gjorde huset. Det er 4 rom i 2. etg. med fjordutsikt, medan 3 rom har utsikt oppover i dalen. Rom 20 og 23 er dei største og beste romma vårast med den mest fantastiske utsikten til rosehagen og fjorden. Alle romma er historiske.

Alle romma har flotte antikvitetsmøblar, gamle tapetar og ”old english style bathroom” . Rom 20 og 23 har badekar.
Romma vart totalrenovert vinteren 2006/2007.

Posted on March 19, 2014 .