Tingstova

Det finst 4 unike gjesterom i andre etasje, samt ein flott veranda der alle har tilgang. Alle rom har utsikt mot hage og fjord, utanom rom 50, som har utsikt oppover dalen. Tingstova er hotellet sin eldste bygning, datert 1630.

Bygningen vart totalrenovert vinteren 2001/2002 og alle gjesteromma representerar fire ulike stilepokar. Alle romma er historiske.

Rom 53 er blitt barokkrommet, med djupe fargar og tilhøyrande listverk som var på den tiden. På døra så står det Christen og Birgitte. Dei dreiv Gjestgiveriet på Walaker frå 1690 og fram til 1733.

Rom 51 er blitt rokokko rommet, med litt lysare fargar, og meir utskjeringar. På døra står det Ludvid og Øllegård. Dette var 2. generasjon Nitter Walaker på gjestgiveriet.

Rom 52 er verkeleg det lyse rommet. Ludvig 14 (Solkongen) som var konge av Frankrike ville ha lyse fargar, og me har gjenngitt historisk rette fargekombinasjonar i desse romma.
På døra står det Henrik og Mette. Dei var 3. generasjon på Walaker

Rom 50 er empire rommet, med meir dagens fargar. Litt duse og gode fargar som me kjenner dei, til dagens fargekart. Rom 50 har 2 separate senger.
På denne døra står det Eirik og Malene. Dei var 4. generasjon på Walaker.

Tingstova er blitt restaurert tilbake i tid, då huset har vore gjennom alle desse stilperiodane, så kunne det tenkjast at det hadde vore slik dei ville blitt sjåande ut, om dei pussa opp for 200- 300 år sidan.

Alle romma har fått elegante bad i den klassiske engelske stil. Rom 52 og 53 har også elegante badekar.

Posted on March 19, 2014 .