Restaurant og mat


Walaker Hotell ligg midt i det store matfatet som Indre sogn er! Her er det sjøkreps frå fjorden, hjort frå fjella, bærbusker så langt du ser, heimeysta ost, heimelaga eplejuice, bringebærnektar samt mykje anna i småskala produksjon. Lokalprodusert mat er viktig for oss på Walaker Hotell, og me tar i bruk råvarer ut i frå sesong.

Fast på huset er den framifrå og fastsatte 4-rettars middagen med vinanbefalingar. Denne vert servert kl. 19.30 i restauranten i hovudhuset og er ein særs viktig del av opplevinga hjå oss. I hovudsesogen vår (juni-august) anbefalar me dykk å bestilla middag på førehand då restauranten sannsynlegvis vil bli full.

Til frukost, som også føregår i restauranten, servere me ein skikkeleg bondefrukost. Her vil du finna blant anna heimebaka brød samt syltetøy som vert laga av råvarer frå eigen hage. 

Om de ynskjer dykk eit eige selskapslokale til middag så kan vertskapet anbefalla dykk smalahuset, som ligg i Galleri Walaker sine lokal. Her kan det dekkast opp til 36 personar til full festmiddag. Høyr med oss, så skreddarsyr me eit opplegg kun for deg!

Dette er berre noko av det de vil kunna få oppleva her hjå oss. Hjarteleg velkomne skal de vera!