Selskap og bryllaupsfeiring


Har de lyst å ha hotellet for dykk sjølv ved neste store feiring? Då kan de leiga heile Walaker Hotell og få blant dei beste råmene som finst for denne store anledningen.

Walaker Hotell kan ta maks 64 gjester til middag ved større selskap. Her kan de velja mellom 3-, 4- eller 5-retters festmiddagar. 4-rettar er nok det som er mest brukt hjå oss. 

Her kan me då byrja med aperitiff i hagen, for så å trekka inn i restauranten ei stund etter. Om været er litt grått eller regnet lurer i horisonten benyttar me oss berre av Galleri Walaker sine lokal, som går over 3. etg.

Middag med talar tek alltid litt ekstra tid, men når takk for maten-talen er gjort, så kan me alle gå frå bordet.
Kveld vert til natt, og me har lukka lag. Dermed kan me få "væra oppe" litt ekstra utover natta, til musikk eller andre innslag som de sjølve planlegg.

Frukosten dagen etter vert servert når de føler dykk klare for den. Om de ynskjer det, så kan de ta denne i hagen. Som regel er det frukost frå kl.10 til kl.12, med påfølgande sein utsjekk av romma.