Utflukt - Lusterfjorden

Ein byrjar med å ta ferja frå Solvorn til Ornes. Her er Urnes Stavkirke, som er den elste av dei gjenverande stavkyrkjene. Ho er bygd ca år 1130, og ligg praktfullt til, med flott utsikt mot sjøen. Utsmykkinga i kyrkja er eineståande, og den heidningske dyreornamentikken vert gjerne kalla Urnes-stilen. Dette er den einaste av dei norske stavkyrkjene som er med på Unesco si World Heritage List. Urnes vert kalla Dronninga blant stavkyrkjene.

Tidemand og Gude, Fearnley, Flintoe og I.C. Dahl er alle kjende kunstnarar som møttest og fekk inspirasjon i Luster. I grenda Kroken finn du den vakre bygninga Munthehuset, som vart bygd i 1792. Kunstelskaren og historikaren Gerhard Munthe gjorde dette området til eit aktivt kulturelt midtpunkt på 1800-tallet.

I Kroken kan ein i dag besøka Munthehuset, og det er også moglegheiter for lån av kajakk-padling

Kjøyrer ein vidare kan ein ta turen opp på Sognafjellet. Jotunheimen er av dei mest kjende og imponerande fjellområda i Noreg. I 1980 vart Jotunheimen Nasjonalpark oppretta. Store deler av parken ligg i Luster. Her finn du eit storslagent utsyn mot dei høge og mektige tinderekkjene Hurrungane i Vest-Jotunheimen, med i alt 24 toppar over 2000 meter. Det vert arrangert toppturar til m.a. Store Skagastølstind, ved henvendelse til Turtagrø Hotell.

Frå Sognefjell til Jostedalsbreen - Nigardsbreen

Ved å ta båten Jostedalsrypa over vatnet, kjem ein til Nigardsbreen. Jostedalsbreen er den størst isbreen på det europeiske kontinentet. Turar på Nigardsbreen, som er ein arm av Jostedalsbreen, har fleire typar vanskegradar og lengder på sine guida turar. Med internasjonalet godkjente breførarar arrangerast både bre- og klatrekurs, skiturar og turar i blåisen.

Informasjon om Jostedalsbreen
Det får ein på Breheimsenteret som har praktfullt utsyn mot Nigardsbreen. Her vil ein få all informasjon som ein ynskjer om breen.

Tilbake til hotellet. Dette er ein tur ein vil kunna bruka 5 - 7 timar på.











Her finn du Walaker Hotell Bildegalleri frå Walaker Hotell Ta ein tur i Solvorn og omegn Pages in English Sider på norsk