![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Utflukt - Ferjetur på Nerøyfjorden til Gudvangen Sogn folkemuseum er eit av dei beste musea i landet, med husdyr og museumsbonde som gjer det levande i tuna. Ta turen vidare til Båtmuseet i Kaupanger, og Kaupanger stavkyrkje Ferja går ut fra Kaupanger, til Gudvangen. Dette er ein ferjetur som tek litt over 2 timar. Dette er ein av dei desidert flottaste båtturane ein kan ta. Frå Gudvangen kjøyrer ein til Underdal. Denne vesle bygda ligg litt utanfor hovedvegen mellom Flåm og Gudvangen. I Underdal må ein hugsa å kjøpa seg heimelaga kvitost/brunost. Etter Underdal kjem ein til Flåm, som har norges mest kjende jernbane-strekning, Flåmsbana. Flåmsbana er 20 km lang, og det tok 20 år å byggja ho. Frå Flåm skal ein vidare til Lærdal. Dette kan ein gjera ved å kjøyra over fjellet til Lærdal, eller ta verdens lengste biltunnel (24 km). Anbefalar fjellovergangen, då utsikten er svært bra. I Lærdal må ein besøka Norsk Villaksenter. Lærdal er også kjend for alle dei flotte trehusa som ligg nede på "øyri". Tilbake til hotellet. Dette er ein tur ein vil kunna bruka 6 - 8 timar på.
|
|
|
![]() |
![]() |
![]() |