Utflukter & aktivitetar


Området rundt Walaker og Solvorn byr på mange aktivitetar. Me vil derfor anbefala deg å ta i alle fall to overnattingar hjå oss, så kroppen kan finna ro og fred. Dette er blant verdas fremst reisemål, og innimellom irrgrøne fjordar og høge toppar kan du finna fossefall, isbrear, elvar, stavkyrkjer og kunstgaleri, for å nemna noko.

Framifrå gåturmoglegheiter er det her også. Det er berre å ta på seg fjellskoa og ta den flotte turen til for eksempel Setålen eller for eksempel Molden, som har 360 graders utsyn over området. I resepsjonen har me mange gode turforslag, og deler gjerne desse med deg!

Sjå på turforslaga me har under - og sjå også video på aktivitetar

Utflukter:

  • Fjærland, Jølster og Balestrand
  • Ferjetur på Nærøyfjorden til Gudvangen
  • Jostedalsbreen
  • Urnes Stavkyrkje

Fotturar:

  • Tungestølen - Austerdalsbreen
  • Bergsetdalen - Bergsetbreen
  • Molden
  • Mørkridsdalen
  • Lusterfjorden

Utflukter & aktivitetar
Fjærland, Jølster og Balestrand

Køyrer du gjennom den vakre Sogndalsdalen kjem du til Fjærland. Du vil passera frodige gårdar, stille vatn og isbrear, ja, noko av det mest bonderomantiske me har. I fjærland vil du finna Bremuseet og den flotte og kjende Bokbyen, der du kan boltra deg blant 4 km bøker.
Les meir...

Ferjetur på Nærøyfjorden

Nærøyfjorden er noko alle må oppleva når dei er i området. Trygt plassert på UNESCO si verdsarv-liste er dette ein av dei mest spektakulære stripene med fjord og fjell i landet. Ferja som seglar her har avgang frå Kaupanger og endar opp i Gudvangen. Den tek både folk og bilar. I høgsesongen bør du reservera plass innan kl. 15 dagen før.
Les meir...

Jostedalsbreen

Innerst i Jostedalen, ein liten times biltur frå Solvorn, kan du få eit godt blikk på fastlandseuropa sin største isbre. På det tjukkaste om lag 600 meter og med eit areal på om lag 487 km² brer den seg utover og dekker nesten halvparten av nasjonalparken. Her er det også eit bresenter som tilbyr fleire aktivitetar for både store og små. For deg som ynskjer brevandring er det her du skal henvenda deg.
Les meir...

 

Urnes Stavkyrkje

I 1130-åra vart verdas eldste stavkyrkje bygd. Ho ligg majestetisk til på toppen av den vesle bygda Urnes, berre rett over fjorden for Solvorn. Den vesle bilferja kan takast frå kaien i Solvorn, rett nedanfor Walaker Hotell. Urnes Stavkyrkje kom på UNESCO si verdsarvliste i 1979.
Les meir...

Tungestølen - Austerdalsbreen

"The finest ice-scenery in Europe", sa den engelske fjellmannen William Cecil Slingsby om dei tre, ville brefalla Loke-, Odin- og Torsbreen, som alle tre kastar seg ned frå Jostedalsbreen fremst på Austerdalsbreen. Ein liten smakebit av det ville brelandskapet kan ein få utan å nødvendigvis gå på sjølve breen.
Les meir...

 

Bergsetdalen - Bergsetbreen

Utgangspunktet for denne turen er parkeringsplassen ved Bergset, den fremste garden i Krundalen. Frå parkeringsplassen går ein langs elva, vidare eit kort stykke på traktorveg og deretter langs svært god og tydeleg merka sti innover den flate Bergsetdalen.
Les meir...

 

Molden

Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, blir det ofte sagt om Molden. Frå parkeringsplasen på Krossen, vil ein finna kvar stien byrjar. Halveges kjem ein til Svarthiller, som er ein gamal støl. Frå Svarthiller har ein eit flott utsyn til Urnes på andre sida av fjorden, samt utover fjorden.
Les meir...

 

Mørkridsdalen

Utgangspunktet for denne turen er den nedlagde stølen Hyrnavollen i Mørkridsdalen. Etter å ha køyrt over brua ved Moen er det berre å følgja bilvegen, som på nytt kryssar elva, og til sist endar opp på ein romsleg parkeringsplass.
Les meir...

 

Lusterfjorden

Lusterfjorden er den innerste arman av Sognefjorden, og sjølvsagt den finaste! Her kan du velge om du vil boltre deg til "lands eller til vanns". Du kan bruke dagen på sykkelsetet langs fjorden eller du kan leige deg ein kajakk eller kano for å utforska det rike dyrelivet. Det er også  mogeleg å oppleva dette utan å løysa sveitten i det heile, ved å reisa på båttur.
Les meir...