Bergsetdalen - Bergsetbreen

Utgangspunktet for denne turen er parkeringsplassen ved Bergset, den fremste garden i Krundalen. Frå parkeringsplassen går ein langs elva, vidare eit kort stykke på traktorveg og deretter langs svært god og tydeleg merka sti innover den flate Bergsetdalen.

Vegetasjon er frodig til å byrje med, men dess nærare ein kjem breen, dess mindre vert det av skog og planter.

Ved Bergsetbreen er det særleg Baklibreen, på nordsida av hovuddalføret, ein må vera merksam på. Ettersom Jostedalsbreen no er inne i ein vekstperiode vert rasfaren ekstra stor.

Det tek ca. 1 time å gå fram til breen.

Posted on March 15, 2014 .