Ferjetur på Nærøyfjorden

static1.squarespace.com.jpg

Nærøyfjorden er noko alle må oppleva når dei er i området. Trygt plassert på UNESCO si verdsarv-liste er dette ein av dei mest spektakulære stripene med fjord og fjell i landet. Ferja som seglar her har avgang frå Kaupanger og endar opp i Gudvangen. Den tek både folk og bilar. I høgsesongen bør du reservera plass innan kl. 15 dagen før.

På veg til Kaupanger (35 min.) kan du droppa innom Sogn folkemuseum, eit av dei beste museuma i landet, med husdyr og museumsbonde som gjer det svært levande i tuna. Ta turen vidare til Båtmuseet i Kaupanger og Kaupanger stavkyrkje.

Ferjeturen til Gudvangen tek litt over 2 timar og er ein av dei desidert flottaste båtturane ein kan ta. Frå Gudvangen kan du fortsette til Underdal, denne vesle bygda som ligg litt utanfor hovudvegen mellom Flåm og Gudvangen. Her er det ost som er den store tingen og du kan ikkje reisa herfrå utan å kjøpa med deg den kjende kvite, eller brune Underdalsosten

Etter Underdal vil du komma til Flåm, og norges mest kjende jernbanestrekning - Flåmsbana. Flåmsbana er 20 km lang og det tok 20 år å byggja ho. Skinnestrekninga er på om lag 20 km og går gjennom noko av det villaste av natur.

Frå Flåm køyrer du vidare til Lærdal. Dette kan du gjera ved å kjøyra over fjellet til Lærdal, eller ta verdas lengste biltunnel (24,5 km). Me anbefalar fjellovergangen, då utsikten er svært bra.

Lærdal er kjend for alle dei flotte trehusa som ligg nede på "Øyri". Ta deg ein spasertur og end opp i Norsk Villaksenter. Frå Lærdal er det om lag ein time, inkludert ein ferjetur, tilbake til Solvorn.

Dette er ein tur du kan bruka 6 - 8 timar på.

Gasta Design