Fjærland, Jølster og Balestrand

Køyrer du gjennom den vakre Sogndalsdalen kjem du til Fjærland. Du vil passera frodige gårdar, stille vatn og isbrear, ja, noko av det mest bonderomantiske me har. I fjærland vil du finna Bremuseet og den flotte og kjende Bokbyen, der du kan boltra deg blant 4 km bøker.

Om du fortset eit stykkje til kjem du til Astruptunet og Eikåsgalleriet i Jølster, med moglegheit for retur over Gaularfjellet til Balestrand. I Balestrand kan du følgje kulturløypa og oppleve gamle kunstnarboligar frå forrige århundre. Sognefjorden Akvarium har fisk frå fjorden og lysbildeframsyning om livet på fjorden. Du kan også få med deg Kvikne Hotell, som med sin imponerande trebygning er verdt i alle fall eit par bilete!

Dette er ein tur du kan bruka 6 - 8 timar på.

Posted on March 20, 2014 .