Lusterfjorden

Lusterfjorden er den innerste arman av Sognefjorden, og sjølvsagt den finaste! Her kan du velge om du vil boltre deg til "lands eller til vanns". Du kan bruke dagen på sykkelsetet langs fjorden eller du kan leige deg ein kajakk eller kano for å utforska det rike dyrelivet. Det er også  mogeleg å oppleva dette utan å løysa sveitten i det heile, ved å reisa på båttur.

Når temperaturen er god, varm og stabil kryp badetemperaturen i Solvorn opp mot 20-talet og gjerne litt over, dette på grunn av ein gunstig beliggenhet. Då er det godt den flotte badestranda vår ligg rett nedanfor hotellet.

Posted on March 12, 2014 .