Mørkridsdalen

Utgangspunktet for denne turen er den nedlagde stølen Hyrnavollen i Mørkridsdalen.

Etter å ha køyrt over brua ved Moen er det berre å følgja bilvegen, som på nytt kryssar elva, og til sist endar opp på ein romsleg parkeringsplass.

Stien framover Mørkridsdalen høyrer til DNT-rutenettet i Luster, og er såleis svært godt rydda og merka. Den går langs elva og svingar sidan opp i det spesielle Tjørnaholet.

Etter kvart kjem ein til stølshusa på Dulsete. Vidare er det omtrent flatt forbi stølen Liane og langs elva fram til Dalen. For mange vil turen ha sin ende her, men for dei sprekaste kan ein fortsette opp mot Austra og mot Arentsbu.

Gangtid fram til Dalen er ca. 2 timar og til Austra mellom 3 og 4 timar.

static1.squarespace.com.jpg
Gasta Design