Tungestølen - Austerdalsbreen

static1.squarespace.com.jpg

"The finest ice-scenery in Europe", sa den engelske fjellmannen William Cecil Slingsby om dei tre, ville brefalla Loke-, Odin- og Torsbreen, som alle tre kastar seg ned frå Jostedalsbreen fremst på Austerdalsbreen. Ein liten smakebit av det ville brelandskapet kan ein få utan å nødvendigvis gå på sjølve breen.

Utgangspungtet for turen er Tungestølen, turisthytta fremst på Veitastrond. Stien går framover like over brua, er godt merka og lett å finna. Den går på vestsida av Austerdalselva heilt fram til breen. Det er nesten flatt heile vegen, med nokre kneikar av og til. Som altid når det gjeld brear må ein vera veldig varsam og ikkje gå for nær isen. Isras og kalving kan inntreffa utan forvarsel, så hald god avstand. Det mest dominerande landskapselementet er moreneryggar.

Normal gangtid er om lag 2 timar.

Husk å smør deg ei niste frå frukosten!

Gasta Design