Urnes Stavkyrkje

I 1130-åra vart verdas eldste stavkyrkje bygd. Ho ligg majestetisk til på toppen av den vesle bygda Urnes, berre rett over fjorden for Solvorn. Urnes Stavkyrkje kom på UNESCO si verdsarvliste i 1979.

Dette er ein av dei største attraksjonane me har i området og vel verdt eit besøk!

Den vesle bilferja kan takast frå kaien i Solvorn, rett nedanfor Walaker Hotell. Etter eit besøk i  stavkyrkja kan ein sykle eller køyre vegen langs med fjorden. Dette er ein smal og flott veg, ei oppleving i seg sjølv. Etter nokre kilometer kan ein sjå spektakulære Feigumfossen, som har eit fritt fall på heile 218 meter. 

Posted on March 17, 2014 .