Biografiar

 
Foto+Knut+Olav.jpg

Knut Olav Åmås

Knut Olav Åmås er direktør i Stiftinga Fritt Ord. Han har vore statssekretær i Kulturdepartementet, kultur- og debattredaktør i Aftenposten, redaktør i Samtiden m m. Han har gjeve ut ei mengd med bøker, m a «Wien. 100 unike opplevelser» i 2016 saman med Knut Aastad Bråten. Han har skrive fleire bøker om Ludwig Wittgenstein og tenkinga hans.

Lars+Fr.+H.+Svendsen+svart-hvitt.jpg

Lars Fr. H. Svendsen

Lars Fr. H. Svendsen er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen. Han har blant anna utgitt bøkene «Kjedsomhetens filosofi» (1999), «Kunst» (2000), «Ondskapens filosofi» (2001), «Mennesket, moralen og genene» (2001), «Hva er filosofi» (2003), «Mote» (2004), «Frykt» (2007), «Arbeidets filosofi» (2011), «Frihetens filosofi» (2013) og «Ensomhetens filosofi» (2015). Bøkene hans er omsette til 27 språk.

Tor-Espen-Aspaas_2+(004).jpg

Tor Espen Aspaas

Tor Espen Aspaas er pianist, kammermusikar og professor ved Noregs musikkhøgskule. Han er ein av dei mest profilerte yngre norske pianistane og er også ein førsteklasses musikkformidlar. For dette blei han hausten 2016 Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Aspaas har vore solist med ei rad nasjonale og internasjonale symfoniorkester. Han har også vore kunstnerisk leiar for Vinterfestspela på Røros.

Gabi+Gleichmann.jpg

Gabi Gleichmann

Gabi Gleichmann har budd i Norge i 20 år, men er fødd i Ungarn og har budd mykje av livet i Sveirge, der han blei kjend som skribent, litteraturkritikar og forleggjar. Debutromanen Udødelighetens elixir frå 2012 er omsett til eit tjuetals språk og blei nominert til Bokhandlarprisen 2012. Boka fekk den franske litteraturprisen Prix Alberto-Benveniste i 2015 for årets beste roman utgjeven i Frankrike og med eit jødisk tema.