Booking

 
Solvorn.jpg
 

Bilete frå Walaker Hotell og Solvorn

 

Instagram:

#WalakerHotell

Sjå bilete frå Solvorn og Walaker Hotell på Instagram. Del gjerne ditt bidrag #Solvorn, #Strandsitjarbygda og #WalakerHotell

 

Turmoglegheiter

Frå Walaker Hotell er det mange flotte turmoglegheiter!

Solvornipa

Går ein i sørleg retning frå Hotellet gjennom sentrum av Solvorn, kjem ein til ein markert tursti. Denne strekk seg både ut langs fjorden til Nyre eller oppøver til Setålen (Ca. 1 time og 30 min.), deretter Fjellstølen (ca 30-60 min. ekstra), før ein til slutt når topp av Solvornnipa med over 1000 høgdemeter og ein tur-retur tid på 7-8 timar).

Sognnaturmat organiserer guida turar til Setålen!

Etter ein lengre tur anbefaler vi at ein bestiller bord i resturangen for ein betre fire-rettars middag. Berre hugs at middagen byrjar klokka 19.30, så prøv å ikkje bli for sein!

Trykk her for meir informasjon


Huarplassen

Ein rundtur opp gjennom bygda kan kombinerast med ein bratt skogstur opp til Huarplassen, som har ei flott utsikt over Solvorn! Når ein deretter kjem ned igjen på gamlevegen kan ein avslutte rundturen på Walaker hotell, med eit glas lokalprodusert eplejuice eller kanskje nokre sprudlande dråper frå Sør-Afrika.

Trykk her for meir informasjon!


Molden

Om ein heller vil ta seg ein tur utanfor Solvorn vil vi anbefale turen opp på Molden. Desse flotte 1118 høgdemeterane kan bli nådd både frå fjorden i Marifjøra eller frå Krossen på 500 høgdemeter. Er du ein morgonfugl kan du få med deg soloppgangen frå Molden over Jotunheimen klokka 04.00, før du enkelt rekk frukost her på Walaker Hotell hjå oss!

Trykk her for tur frå Krossen

eller

Trykk her for tur frå Marifjøra


Legene

Vil ein heller gå på idyllisk traktorsti utan dei store stigningane kan ein også gå langs fjorden på nordsida. Her strekk turen seg ut over mot Lægene (Ca. 3 km) som i byrjinga er ein roleg og fin tur, men som etter kvart kan bli litt vilter.

Ver obs! På denne sida av Solvorn er det ein del flott, så ein anbefala ein real sjekk når ein kjem heim att på rommet.

Trykke her for meir informasjon


Børesteinen

Børesteinen har ei fantastisk utsikt utover fjorden

Trykk her for meir informasjon

Fuglesteg

DNT-hytta på Fuglesteg serverer hellekaker, kaffi og saft for turfolk om sommaren.

Trykk her for meir informasjon


 
 

Kulturelt innslag

3+%281%29.jpg

Kulturell vandring i Solvorns gater

Solvorn si historie strekk seg mange hundre år tilbake i tid.

Mange i bygde kjenner godt til denne historia og vil gjerne dele den med personar med ekstra interesse.

Sjølv på hotellet er det også fleire historie-interesserte personar, så berre spør oss for kulturelle innslag.

Kanskje blir da ei ekstra omvising rundt i bygda med gamle lensmannen, eller om du er ekstra heldig blir dei lokale Strandsitjardagane heldt når du er her.


 
 

Gode Naboar

DSC00221.jpg

Sogn Naturmat

Sogn Naturmat har eige godkjend mottak for fisk og skaldyr, og godkjend røykeri for fisk.

Sogn Naturmat driv og med naturguiding og tilbyr ulike aktivitetar i nærområdet.

Aktivitetar som: Sjøkrepsfiske, Tur til Setålen, Flugefiske på Hafslovatnet, Familiefiske på Hafslovatnet

Besøk dei på www.sognnaturmat.no

149176_163935210312496_961143_n.jpg

Vinspirasjon

Vinspirasjon, med Steffen Hilleren tilbyr ei rekke spennande vinkurs for dykk som vil ha eit koseleg, lærerikt og teambyggande avbrekk i kvardagen.

Steffen Hilleren, utdanna vinkelner ved Norsk Sommelier Utdannelse, med mange års erfaring frå hotell- og restaurantmiljøet, samt vinmonopolet.

Besøk han på Facebook eller kontakt han gjennom vårt kontaktskjema

31900322_1635944806489829_6977642708470857728_n (1).jpg

Solvorn bygdalag

Solvorn er ei lita perle, og plassen hadde aldri vert den same utan den ekstraordinære jobben som blir gjort av bygdelaget.

Dei fleste som bur i Solvorn er på ein eller anna måte tilknytt denne flotte gjengen.

Dei står for alt ifrå oppmerking av turstiar til å bygja det flotte nye stupetårnet, som sto ferdig i 2017.

huset3.JPG

Eplet Hostel & Apple juice Farm

Ein av våre beste naboar er Eplet Hostel & Apple juice Farm, som driv med alt frå sykkelutleige til eplejuice-produksjon og gardsutsal. Med sine 22 senger og teltplassar er Eplet ein flott overnattingstad!

Vi på Walaker Hotell har i mange år vert storkonsumerarar av eplejuicen frå Solvorn produsert av Agnethe og Trond Henrik Eplet. Det er ikkje tvil her på huset om at desse edle dropane kan konkurrera både med flasker frå kontinentet eller «the-new world»!

Besøk dei på www.eplet.net

80065042.jpg

Villa Solvorn

Walaker Hotell fekk i 2017 ein ny og spennande Bed and Breakfast-nabo i Villa-Solvorn.

Romma er av ypparste kvalitet og husfolket (Oskar og Eva med familie) er svært hyggeleg.

Det er fint å ha gode naboar når høgsesongen sprenger vår kapasitet, eller større grupper vil ha fleire rom enn kva ein greier å stå til rådigheit med. Besøk dei på www.villasolvorn.com