Galleriopning 2018

Galleri.jpg

Tilbod på opphald over 3 dagar
(2 overnattingar) – frå Kr. 1320,- pr. person, pr. natt i dobbeltrom

Walaker Hotell invitera dykk alle til opning av vår- og sommarutstillinga i Galleri Walaker 300. I den fyste utstillinga i 2018 har me den store gleda av å presentere Nico Widerberg, Magne V. Kristiansen, Tove Holmøy og Karin Øvstedal.

Me håpar å sjå deg for ei helg med spennande kunst, vakre omgjevnader og god mat og drikke.

Tilbodet gjeld for to netter, frå fredag 13. april til søndag 15. april 2018.

Opphald i Superior rom. For oppgradering til historisk rom vert prisen kr. 1520,- pr. person, pr. natt i dobbeltrom.

  • God norsk bondefrukost begge dagar
  • Framifrå 4-retters middag begge kveldane
  • Inngang Galleri Walaker 300. Flotte utstillingar i 3 etasjar
  • Urnes Stavkyrkje ligg rett over fjorden. Ferjeavgang frå Solvorn
  • Moglegheit for å besøka Jostedalsbreen
  • Flotte fjelltoppar med nydeleg utsikt
  • Flotte turløyper lokalt i Solvorn, med ulike vanskelegheitsgrader

Book her!

Hugs at når ein bookar dette tilbodet, må ein huke av for to netter. Ta kontakt med oss dersom du undrast på noko angåande dette tilbodet. 

Gasta Design