Wittgensteinseminar 2019

I samarbeid med Knut Olav Åmås, Lars Fr. H. Svendsen og Tor Espen Aspaas har Walaker Hotell igjen gleda av å få invitera deg til eit flott opphald og seminar om den verdskjende filosofen Ludwig Wittgenstein.

Wittgensteinseminar 26-28. april 2019

For niande gong inviterer Walaker Hotell og Knut Olav Åmås til ope seminar for ållment interesserte om Wien, wienerkulturen og filosofen Ludwig Wittgenstein. Eit viktig tema i fleire føredrag er tenkinga til Wittgenstein, som skreiv deler av dei viktigaste verka sine i Sogn, men føredraga gjev også ny kunnskap om den unike kulturen som blei skapt i Wien i tiåra før og etter år 1900. 

Som seminarleiar skal Knut Olav Åmås halda to førelesingar om Wittgenstein, biografien hans og tenkinga hans. 

Vi har to gjesteførelesarar: Filosofiprofessor Lars Fr. H. Svendsen som vil snakka om mål, meining og metode i filosofien til Wittgenstein - og musikkprofessor og pianist Tor Espen Aspaas som vil spela og snakka om to tema: «Frå wienerklassisismen til Wittgenstein på 30 minutt» og «Ludwig I og II. Beethoven og Wittgenstein som Doppelgänger i wienerkulturen».

Denne gong er tidspunktet fredag 26. til søndag 28. april (frå middag fredag kveld til lunsj søndag). Vi byrjar på sjølve 130-årsdagen for Wittgensteins fødsel.

Seminaret er ikkje for ekspertar, men for folk som er allment interesserte i det fascinerande fenomenet wienerkulturen fin-de-siècle, og kunsten og tenkinga som utfalda seg der.

Vitskapleg og kulturelt var Wien rundt år 1900 ei blømingstid som byen og resten av Europa ikkje har sett maken til - verken før eller sidan. I biletkunsten med blant andre Klimt og Schiele, i musikken med mellom andre Mahler og Schönberg og i vitskapen med Freud, for berre å nevna nokre få. Og samtidig: Den unge, mislukka kunstnaren Adolf Hitler luska rundt i gatene, snart kom også Trotskij og Stalin til byen. Og utan at mange visste det, hadde alt saman stø kurs mot undergangen.

Utflukt blir det også undervegs i seminaret – til Urnes stavkyrkje rett over fjorden, og til restane av Ludwig Wittgensteins hyttetomt i Skjolden litt lenger inn i fjorden. Det blir kunstnarlege innslag under middagane.

Det kan bli ei interessant og hyggeleg vårhelg ved breidda av Sognefjorden. I tillegg til seminar og diskusjonar med romslege pausar og fristunder, er Solvorn og hotellet frå 1640 (Norges eldste) ei spesiell ramme.

Fredag: Ankomst og innsjekk. Middag er ein  3-rettars meny med kunstnarleg innslag av Knut Olav Åmås og Knut Aastad Bråten - på Wittgensteins 130-årsdag

Laurdag: Den store seminardagen. Dette vil bli halde i vårt kunstgalleri, Galleri Walaker 300 og vi startar kl. 09.00. Vidare vert det førmiddagsmat kl. 12 og ei spennande utflukt kl. 13.00. Fyrst med ferje over fjorden og kort besøk på Urnes stavkyrkje, så vidare med buss til Skjolden, der Wittgenstein hadde si hytte. Enkel bespisning på Eide Gard.   Attende til Walaker Hotell kl 18:00
På kvelden serverar me ein framifrå 3-retters middag kl. 20.00 i restauranten.

Søndag: Seminaret fortset frå kl 09.00 og fram til førmiddagsmat kl. 12. og avreise kl.13.00.

Her finn du meir informasjon om årets program og foredragshaldarar!

Prisar per person

Walaker Hotell har overnatting i to ulike typar rom. Historiske rom i dei gamle husa, eller Superior rom i nybygget.

Dobbeltrom i nybygget, inkl. seminar og alle måltid kr. 6050,-
Som enkeltrom er pris kr. 6950,-

Historiske dobbeltrom i dei gamle husa, inkl. seminar og alle måltid kr. 6450,-
Som enkeltrom er pris kr. 7500,-

Kun seminar, inkl. utflukt og førmiddagsmat kr. 2175,-

Kun seminar kr. 1225,-
(Påmelding til kun seminar, utflukt og lunsjar må bestillast pr. telefon eller e-post. Alle deltakarar vil bli førehandsfakturert 50% av prisen. Beløpet er ikkje refunderbart).

Meld deg på ved å sende mail til hotel@walaker.com. Vi vil ta kontakt innan kort tid.

Hugs at når ein bookar dette tilbodet, må ein huke av for to netter. Ta kontakt med oss dersom du undrast på noko angåande dette tilbodet.

Om du har spørsmål er det berre å ta kontakt gjennom hotel@walaker.com eller ringja tlf. 57 68 20 80.

Gasta Design