Zalto-Glassmanufaktor1.jpg

Vinkurs med Vinspirasjon

Vinspirasjon, med Steffen Hilleren og Walaker Hotell tilbyr ei rekke spennande vinkurs for dykk som vil ha eit koseleg, lærerikt og teambyggande avbrekk i kvardagen. Forslag til anledningar:

  • Teambuilding

  • Hotellgjester

  • Bursdag

  • Julebord

  • Vennekveld

  • Utdrikningslag


Om kurshaldar:

Steffen Hilleren, utdanna vinkelner ved Norsk Sommelier Utdannelse, med mange års erfaring frå hotell- og restaurantmiljøet, samt vinmonopolet. Nyfiken på det meste av det som kan etast og drikkast og svært entusiastisk for å få formidle gleda ved dette.

149176_163935210312496_961143_n.jpg
 
 
 

Prisar

Dei to bestseljande:

Basiskurs: På dette kurset byrjar me med ei reise gjennom vinens verden. Me startar på «scratch» og tek for oss det meste som trengs for å få eit breitt overblikk av verdas vinar og produksjon, samt tips til korleis servera og nyta vinen best mogeleg. Teori + smaking av 6 vinar med ulik karakter. Kr. 350,- pr. Pers.*

Lær å smake vin: Eit praktisk kurs der me fokuserer på kunsten å smake vin. Her smakar me oss gjennom 10 spennande vinar og lærer oss korleis beskrive ein vin. Eit sosialt og morosamt kurs der du også vil få anledning til å spørje om alt du lurer på om vin undervegs. Kr. 400,- pr. Pers.*

*Ved minimum 10 personar.

*Kursførehaldar stiller med glas, vin og alt det nødvendige som trengs.

*Evt. lokalleige kjem i tillegg, dersom det er aktuelt.

Når vil det passe og kva setting er det snakk om?
 
 
 

Forslag til andre spennande kurs kan være:

Champagne: Kva er vel meir stemningsskapande enn bobler i glaset? Bli med å lær meir om denne myteomspunne og sprudlande drikken. Me tek for oss historie, produksjon og dei ulike typane Champagne.

Chablis: «Alle» har høyrt om Chablis-vinane, men kor mykje veit me? Bli med til dette vesle, men store kvitvinsområdet eit godt steinkast frå Paris.

Italia: Dette fascinerande og flotte landet som har så mykje regionale forskjellar. Frå topp til tå vandrar me gjennom støvellandet og smakar på store så vel som dei små og kuriøse dråpane. Her vil mange lære mykje!

Fine wines: For dei store anledningane! Me plukkar ut eit knippe av dei verkeleg store vinane og smakar oss gjennom ting som ikkje akkurat er kvardagskost. Passar best for dei som har litt kunnskap frå før.

Ta gjerne kontakt for fleire forslag, så skreddersyr me saman. Kursa forutset ingen forkunnskapar.

Kontakt Steffen Hilleren

På telefon: 957 09 206,

Send mail til: hilleren.s@gmail.com