Noregs eldste hotell, anno 1640

 

Walaker Hotell er over 380 år gamalt og har vore i familien Nitters eige sidan 1690. Hotellet har gått i arv frå generasjon til generasjon og er i dag ein attraksjon i seg sjølv.

Slekta Nitter kom opphaveleg frå Skottland. Slekta kom til Bergen i 1603 og slo seg ned som handelsmann på Vestlandet. Nokre få år seinare flytta delar av familien til Sogn. Christen Nitter, som seinare skulle bli grunnleggjaren av det som i dag er Walaker Hotell Gjestgivargarden, vaks opp i Indre Sogn. Han drog ut i verda for å læra seg eit handverk, og gjekk nokre år i gullsmedlære, før han i 1690 vende tilbake til Solvorn og leigde handelsstaden på Vollåker.

Saman med kona Birgitt byrja han no å drive som handelsmann og krohaldar i Solvorn. Dei fekk sju barn, og deira yngste son Ludvig overtok drifta. Ludvig var kjend for å bryggja godt øl. Det vart bryggja av byggkorn om vinteren, og lagra i ein kald kjellar for å ha nok å ta av heile sommaren.

Ludvig Nitter gifta seg med "demoiselle" Øllegård Klingenberg. Då han døydde i 1776 styrte ho vidare i kraft av hans borgarbrev, slik enker hadde rett til. Paret fekk seks barn, og også denne gongen vart det yngstesonen som overtok drifta av hotellet. Henrik dreiv hotellet frå 1790 til 1821, då sonen Erik overtok. Erik gifta seg med Malene Mo frå Hafslo. Paret fekk ein son, som døydde som liten, og fire døtrer. Det vart då eldstedottera, Mette Malene, som fekk skjøte på eigedommen.

På midten av 1800-talet begynte dei fyrste turistane å koma til Vestlandet. I 1865 reiste den svensk-norske kronprinsen, seinare kong Carl 15., gjennom Noreg. Han reiste over Sognefjellet, og ut Sognefjorden. Med i fylgjet hans var fotograf Mathias Hansen, og det var truleg han som tok dei fyrste bileta av Solvorn og Walaker Hotell.

Mette Nitter Walaker døydde i barselseng, berre førti år gamal. Det var den 11. fødselen i eit 23 år langt ekteskap med Jakob Sjursen Talle. Fire av dei 11 barna døydde tidleg, og av dei som vaks opp var det eldstesonen Erik som i 1878 overtok staden, for så å overlate drifta til odelsguten Wilken.

Wilken var gift med Inga Ragnhild Mo frå Luster og vart etter kvart ei legende som hotellvertinne i Solvorn. I tillegg til å driva gjestgiveriet, hadde dei også båtekspedisjonen i Solvorn og ansvar for postkontoret. Det var no grunnlaget vart sett for ei meir moderne hotelldrift på Walaker då dei på midten av 1930-talet bygde om den gamle gjestgivargarden for å gjere han meir funksjonell. Annekset vart bygd i 1964 for å auke romkapasiteten.

I 1990 vart det gamle fjøset renovert som kunstgalleri. I tilknyting til 300-års jubileet til hotellet fekk galleriet namnet Galleri Walaker 300 av dåverande vertskap Hermod og Oddlaug. Hermod og Oddlaug, åttande generasjon, tok over som eigarar i 1978, men dreiv hotellet frå dei gifta seg i 1968.

Sonen deira Ole Henrik og kona Astrid er dei som styrer drifta i dag, levande opptekne av å føra dei ærverdige familietradisjonane vidare.

10. generasjon er Theodor Nitter Walaker som vart konfirmert i 2021. Han må skolerast godt og lærast opp til mangt og mykje, før han forhåpentlegvis vil ta over hotelldrifta om omlag 20 år.