Noregs eldste hotell inviterer til møte, konferanse eller lag-bygging

Me har møtelokale i vårt kunstgalleri, der spanande kunst pryder veggane. Høyloftet er på 95 m² og kan gi plass til grupper på opptil 70 personar. Eit anna alternativ er den gamle Tingstova for mindre grupper. Me vonar våre omgjevnader gir ei god, inspirerande og noko annleis ramme for deg som kurs- og konferansegjest. Walaker Hotell har alt ein treng for vellykka kurs og konferanse: Projektor, lerret og lokallaga eplejuice.

Me har 25 dobbeltrom på hotellet, og dersom de er fleksible vil me vera behjelpelege med ytterlegare overnatting i nærleiken.

Dersom de vil kombinera kurs/konferanse med aktivitetar eller utflukter har ein fleire alternativ: Ta ferja over til Urnes Stavkyrkje, eller bli i Solvorn med hesteskokasting, kulturell vandring, turstiar eller vinkurs.

Fyll ut skjemaet eller ta kontakt for eit tilbod.