Kulturhistorisk omvisning
Kva vil det seia å vera Noregs eldste hotell? Det er mykje meir enn alder og årstal. – Det er ein ærestittel det står stor respekt av, og store forventingar til. Walaker Hotell ligg yndig plassert mellom høge fjell og djupe fjordar. Her kan du skimta det som ein gong inspirerte nasjonalromantikkens kunstnarar.
Gjennom snart 400 år har personar frå fjern og nær, teke turen til Walaker Hotell. Spora sit igjen og ein kan føla alle åra som har gått, i veggane til bygningane og omgjevnadene rundt. Ein del av opplevinga som gjest ved Walaker Hotell, er mogleiken til å vera med på kunst- og kulturformidling.
Kvar kveld etter middag held Ole Henrik, niande generasjon Nitter Walaker, ei omvisning for hotellets gjester. Vandringa går gjennom hotellet, medan Ole Henrik fortel levande og lidenskapeleg om hotellets og Solvorns historie.