

Frukost
Ein smakfull start på dagen
Frukosten vår vert servert i restauranten i Hovedhuset og består av ein kombinasjon av À la carte og buffet. Me tilbyr bl.a. nysteikt omelett eller Egg Benedict frå kjøkkenet. - Eller kva med ei skål med kokkens havredraum, laga med lokal eplejuice frå Solvorn, toppa med sesongens bær!
I buffeten kan du forsyna deg med det du måtte ynskja. Her finn du brød frå Lustrabui Bakeri, heimebakt brød, nysteikte vafler og eit fargerikt utval pålegg m.m. Når sesongen tillet det, lagar me syltetøy på våre eigne plommer, eller frå lokale bær.
For den som ynskjer, kan ein pakka med seg ein matpakke frå buffeten, snakk med betjeningen for matpakkepapir og pris. Dersom sola viser seg er det nydeleg å ta frukosten utandørs på plattingen ved Glassverandaen. Her kan du nyta ein kopp kaffi, brygga på Sognefjord Kaffibrenneri sine bønner, medan du nyt synet av den stille fjorden.
Me ynskjer at frukosten her skal gi deg ein smakfull og roleg start på dagen. Velkomen skal du vera!