top of page
Pattern_1_white.png
Pattern_1_white.png

Hagen på Walaker Hotel

Ein fredeleg oase for hotellets gjester

Om våren fyller syrinene hagen med si herlege duft, før rosene tek over og skapar fargemagi gjennom sommaren. Rundt om i hagen finn du hyggelege sittegrupper, der du kan nyta eit glas med ei forfriskning og ei god bok. Hagen er kun for hotellets gjester og byr på ei fredeleg atmosfære. Nyt lyden av sildrande hagedammar og humlesus, medan du spaserer gjennom rosehagen eller finn roen på solsenga. På regnvêrsdagar kan du sitje på terrassen og sjå tåka sige over fjorden.

 

Nyt hagen vår og opplev roen i naturskjønne omgjevnader.

Walaker Hotel Hagen
Walaker Hotel Hagen

Har du spørsmål eller spesielle ynskjer for ditt besøk?

Me vil sørge for at opphaldet ditt her hjå oss, vert så bra som mogleg! Me ser fram til å ynskje deg velkomen, til vakre Solvorn og Walaker Hotell.

bottom of page