top of page

Lokaler

Unike møte- og selskapslokaler, på historiske Walaker Hotell.

Restauranten

- Til dagleg matservering og store selskap

Restauranten ligg i Hovedhuset. Her finn middag- og frokostservering stad. Restauranten består av eit større rom i tillegg til ein mindre glassveranda. Frå glassverandaen har ein utgang med trapp ned til hagen. På fine sommardagar kan ein nyta frokosten på steinplattingen her ute. Ved større selskap, kan me ha 64 personar til middag i restauranten.

Salongen

- Stemningsfull peisestove og chambre séparée

Salongen er felles sitteareal for alle husets gjester. Rommet er stemnigsfullt innreia med nostalgiske møblar. Rommet har peis som me fyrer i på kjølege dagar. Her er det fint å sitja med ei god bok og ein kopp med rykande varm kaffi frå Sognefjord kaffibrenneri.

Innanfor salongen er det eit lite Chambre séparée med eit spisebord med plass til maks åtte personar. Her kan ei lita gruppe nyta middagen i eit separat, delvis skjerma rom.

Tingstova

- Selskap- eller møtelokale for små grupper

I Tingstova, frå 1620-talet, har me eit staseleg serveringslokale med eit tradisjonelt langbord. Her er det plass til maks 16 personar rundt bordet. Tingstova har lafta tømmerveggar, og er nostalgisk innreia i tidsriktige fargar og interiør. Rommet er elegant og sjarmerande, og passar til eit mindre selskap eller møte. Selskapslokalet har privat utgang til hotellhagen.

I andre etasje på Tingstova er det fire historiske hotellrom. Ved behov kan ein reservera heile Tingstova med hotellrom og selskapslokale, for eit privat og eksklusivt opphald.

Smalahuset

- Selskap- og møtelokale for middels store grupper

Smalahuset, det gamle sauefjøset, finn du i fyrste etasje i Galleri Walaker 300. Den gamle fjøsen frå 1883 ligg rett bak hovedhuset. Smalahuset er rustikt, med tømmerbjelkar og skifergolv, og vert brukt til utstilling av kunst. I taket kan du sjå dekorerte plankar, som er gamle bygningsmaterialar frå 1600-tals kyrkja som stod i Solvorn for over 100 år sidan. Dette selskapslokalet har to langbord og har plass til maks 36 personar.

Høyloftet

- Unikt møtelokale i galleriet

På låven, i 3. etasje i galleriet, lagra dei korn og høy i si tid. Det er høgt under taket og veggane er dekorerte med bilder, som ein del av Galleri Walaker 300. Her kan ein arrangera møter i unike omgjevnader. 

Ved mindre grupper, tilbyr me hestesko-formasjon eller klasserom-oppsett. For større samlingar vert det kino-oppsett utan skrivebord.

 

Som lokasjon for ditt møte, ynskjer me å by på ei totaloppleving med god mat og drikke i kombinasjon med møter i inspirerande lokaler.

Har du spørsmål eller spesielle ynskjer for ditt besøk?

Me vil sørge for at opphaldet ditt her hjå oss, vert så bra som mogleg! Me ser fram til å ynskje deg velkomen, til vakre Solvorn og Walaker Hotell.

bottom of page