top of page


Superior rom
Romsleg luksus med eigen terrasse og fjordutsikt
Walaker Hotell har 7 Superior rom i Hagefløyen. Kvart rom har dobbeltseng som kan splittast til to enkeltsenger. Her har ein sitjegruppe både inne og ute på ein liten terrasse. Romma i Hagefløyen er romslege, ca. 36 m² inkludert terrassen. Romma peikar mot hagen og fjorden. Sofaen på romma kan slåast ut og gir sengeplass for éin vaksen eller to barn. Romma har klesskap, samt privat bad. Sidan romma er romslege, kan dei vera eit godt alternativ for dei som vil bu i fleire dagar.
Dobbeltseng
Sovesofa
Twin bed
Maks 3 pers.
bottom of page