top of page
Pattern_1_white.png
Pattern_1_white.png

Champagnekjellar

Frå potet til perler

Walaker Hotell har gjennom fleire år bygd opp ein fin, liten vinkjellar.

I tillegg har me omgjort den gamle potetkjellaren til ein dedikert Champagnekjellar. Sjå inngongen til venstre, bak gitterporten, når du går inn i Walaker Hotell sin hage. Her har me eit vidt spekter av Champagne frå kjente og ukjente produsentar. Vintage, så vell som non-vintage.


På forespørsel kan ein arrangera eit besøk i Champagnekjellaren med Ole Henrik Nitter Walaker.

Har du spørsmål eller spesielle ynskjer for ditt besøk?

Me vil sørge for at opphaldet ditt her hjå oss, vert så bra som mogleg! Me ser fram til å ynskje deg velkomen, til vakre Solvorn og Walaker Hotell.

bottom of page