
Solvorn
Bygda Solvorn
Solvorn har om lag 220 innbyggjarar, skule og barnehage og er ei levande bygd med mange aktivitetar. Om sommaren blomstrar bygda opp og det er eit yrande liv i gata og på badestranda. “Costa del Solvorn” har uoffisielt den høgaste badetemperaturen i Sognefjorden.
Solvorn er ein av dei best ivaretekne strandsitjarstadene frå 1800-talet. Då fjorden var hovudferdselåre og dampskip gjekk i fast rute til Bergen, var det eit yrande småbyliv i Solvorn. Det var landhandlarar med bakeri, lampebutikk, medisinutsal og skomakar. Dei dreiv med tobbaksdyrkning og hadde eige postkontor og telegraf, for å nemna noko. Då bilen tok over som transportmiddel på 1950-talet, havna Solvorn utanfor allfarveg. Solvorn sentrum er idag verna.
I Solvorn er det to serveringstader utanom hotellet: Kvitabui serverer lokal mat i rustikke omgjevnader. Der kan du nyte mat og drikke i det renoverte naustet, eller på bryggja med den turkise Lustrafjorden som utsikt. Kvitabui skaffar eigne råvarer som inngår i menyen - sjøkreps, hjort og eigenfanga kvitfisk. Den daglege menyen er fast og består av enkle rettar som kan nytast både som lunsj og middag.
Knapt 100 meter frå Hotellet finn du Bryggehuset. Ein liten kafé med enkle smårettar.
Vår gode nabo Eplet Hostel and Apple juice Farm produserar den beste eplejuicen, som me serverar til frukost kvar dag. Det er ikkje tvil her på huset, om at desse edle dropane kan konkurrera både med flasker frå kontinentet eller «the-new world»! På Eplet finn du ein liten kiosk der du kan kjøpa juice og syltetøy.
Vakre Villa Solvorn er ei annan god nabo. Dei tilbyr sjarmerande og idylliske overnattingsrom med frukostservering.
I Solvorn er det mange alternativ til fotturar, som er oppmerka av Solvorn bygdalag. Her kan du spasera langsmed fjorden eller gå opp i høgden og nyta vakker utsikt.
Frå kaien kan du ta den lille ferga over fjorden til Urnes Stavkyrkje frå 1130-talet. Urnes stavkyrkje er både den eldste og den rikast dekorerte av dei 28 stavkyrkjene som er tekne vare på i Noreg.
Velkomen til Solvorn!

"Nausta som kviler ved fjorden i Solvorn, ber på forteljingar frå ei svunnen tid."
Historia om Solvorn
Henta frå brosjyren «Velkomen til Solvorn - perla ved Lustrafjorden:» Skreve av Trond Henrik og Agnethe ved Eplet bed & Apple i Solvorn (redigert. 2022):
For 10.000 år sidan var Norge dekt av ei tjukk iskappe. Under issmeltinga demde ein rest av isbreen opp ein innsjø på Hafslo. Då trykket frå vatnet blei for stort og isen brast, fossa vassmassane fram og gravde ut to djupe gjel øvst i Solvornsdalen. Stien opp vestsida av det bratte Skormagjelet var i tusener av år den enklaste vegen frå Hafslo og Veitastrond ned til Lustrafjorden og omverda.
Utover på 1800-talet vart det enda viktigare å få frakta varer mellom Hafslo og fjorden, og i 1860 vart det bygd ein køyreveg. Denne heiter i dag “Gamlevegen”, og er ein idyllisk sti med gras og svart smijernsstakitt. Vegen var bratt, og for hestar med tunge vognlass var den svært farleg. Etter fleire ulukker bygde dei ein ny trassè.
Den nye vegen stod ferdig i 1893, men er utvida fleire gonger fram til i dag. Det er hevda at vegen vart lagt på skuggesida av dalen for at han skulle ha lengst mogleg sledeføre utover våren. På Hafslo og Veitastrond låg snøen lengre enn nedover til Solvorn. Vegen tek av riksveg 55 ved Galden 200 m over havet, og er tre kilometer lang. Gjennom mange svingar fører han deg ned til idylliske Solvorn, perla ved Lustrafjorden.
Solvorn har særs godt klima og næringsrikt jordsmonn. Det kan ha vore mektige gardar her i Vikingtida. Ytst på terrassen ved Kjelda, med storslagen utsikt over fjorden og bygda under, ligg ein gravhaug frå tidleg mellomalder. I denne er det funne ein fibula, ei bronsespenne. Dette er eit vanleg funn i gravhaugar frå Vikingetida, og fortel at den gravlagde var ei mektig kvinne. På andre sida av vegen, har utgravingar vist at her låg ein stor jernaldergard.
Ny religion endra gravskikkene, og på den gamle kyrkjegarden ligg fleire historiske personar og mellom dei, Munthe-slekta frå Kroken. Den første kyrkja i Solvorn var truleg ei stavkyrkje. Men reformasjonen krevde at kyrkjene skulle ha sitjeplassar. Mange av kyrkjene vart då for småe, og vart rivne. Den nye trekyrkja, “ en smuk timberbygning”, stod i over 300 år, til han vart riven i 1883. Kyrkja blei seld til gjestgivargarden for 420 kr, og er i dag Galleri Walaker 300. Den nye kyrkja stod ferdig same året, og tårnet vart innvia av lærar Vigdal. Han var også ein ivrig fjellklatrar, og klatra til toppen av spiret - i tresko.
I det gamle samfunnet var dei fleste knytta til jordbruket og avhengige av det naturen kunne gi. Klimaet vart dårlegare under den lille istida på 1700-talet. Dette gjorde at mange fekk det svært vanskeleg. På garden Sjøthun sette Lars Sørensen Rødberg opp ein stor stein til minne om uåret i 1693, då dei måtte slakta dyra dei hadde på vinterforing - for å overleva. Steinen heiter Kjøtbogen på folkemunne.
Før var det mykje fisk i Lustrafjorden, og kvar haust kom fiskarar frå kysten inn fjorden for å fange brisling. Solvorn hadde òg eige notlag. Det er sagt at ein til tider på 1800-talet kunne gå tørrskodde frå båt til båt over bukta. Utenfor Hamnen lå det ein tønnefabrikk som selde sildetønner til fiskarane. Huset står der framleis.
Rolla til Solvorn vart enno større då sorenskrivaren flytta frå Sogndal til Solvorn i 1813. Eidsvollmannen Irgens kjøpte den gamle handelsplassen Sanden og bygde Christianelyst. Huset er i empirestil, og i alt er det fem bygningar. Hovudhuset har heile tjue rom og var eit av dei største trehusa på Vestlandet i 1814. Eigedomen er no i privat eige. I tillegg til for, korn og poteter, grønsaker, frukt og bær vart det og dyrka tobakk på slutten av 1800-talet. I ein periode vart det bygd mange tobakkshus til tørking av tobakksblada.
No er dei fleste rivne, med det står att 2 slike hus. Eit av husa ved Vetlekaien har framleis gliper mellom plankane slik at tobakken skulle tørka raskt. Frå Vetlekaien, eller Jotunheimens Brygge, gjekk det båt til Ornes og Kinsedal. Og herfra segla dei i fleire hundre år til Bergen med tømmer og ved, ost og smør, skinn og huder, og med salt, reidskap og byvarer tilbake igjen. Det var som knutepunkt mellom jordbruksbygdene på Hafslo og fjorden - resten av verda - at Solvorn vart ein så viktig plass. Det var ein naturleg handelsstad. Hit måtte bøndene med varene dei ville skipa ut fjorden og vidare til Bergen. Her var det butikkar og handverkarer, lensmann, postkontor, telegraf, bank, gjestgivar og tinghus.
På den andre sida av bukta har det vore drive gjestgiveri heilt frå 1640. Walaker hotell er Noregs eldste hotell, og har vore i kontinuerleg drift av den same familien siden 1690. Her møttest handelsfolk frå Bergen, skysskarar med siste nytt frå Veitastrond og bygdefolk for å ta seg ein øl. Walaker hotell er i full drift, og den ærverdige overnattingsstaden er ein attraksjon i seg sjølv. Walaker høyrer inn under dei historiske hotella, og har ope frå april til oktober.
Den gamle tingstova på Walaker opna det første postkontoret i Sogn og Fjordane i 1841. Seinare kom telegrafen. Den nye kaien vart bygd av Jacob Walaker i 1859, og frå 1860 gjekk dampskipet Framnes i fast rute til Bergen. På kaien i Solvorn kunne omreisande handelsmenn, sogningar med ærend hos sorenskrivaren og britiske turistar på fjordsafari, møtast. Dampbåt til Bergen var også første etappe for alle dei unge solvorningane som utvandra til Amerika på1800-talet. Det var trangt om plassen i mange vestlandsbygder.
Mange fattigfolk på små plassar i strandkanten hadde husmannskontrakt med bøndene. Dei vart kalla strandsitjarar. Lokal velstand og stor gjennomgangstrafikk skapte ei marknad for dei til å driva som handverkarar eller lausarbeidarar. Sentrum av Solvornstrondi utvikla seg til å bli eit administrativt sentrum med eit yrande småbyliv. I Solvorn var det fleire landhandlarar med bakeri, lampebutikk, medisinutsal og skomakar.
Kjøpmennene kom ofte frå Bergen eller andre stader, og busette seg i Solvorn for å driva næring. Dei bygde fleire av husa i sveitserstil som ligg på ei rett rekkje om lag 100 meter opp frå strondi. Eit slikt hus bygde også skulemeister og legendarisk fjellførar Johannes Vigdal i 1879. Eit nytt hus blei bygd på same plassen av lensmann Hans Sjøthun i 1950, og dette er i dag ombygd til Eplet Bed & Apple gjestehus og jusfabrikk.
Frå 1950-talet tok bilen over som transportmiddel. Med det nye vegnettet kom Solvorn utanfor allfarveg. Det vart ein avstikkar fra FV 55 ned til Solvorn. Og med det er Solvorn blitt ein av dei best ivaretekne strandsitjarplassane frå slutten av 1800-talet. Solvorn sentrum er idag verna, og ein del av randsona til UNESCO verdsarva på andre sida av Lustrafjorden - Urnes stavkyrkje. Bilferja MF Urnes (bygd 1969) fraktar gåande, syklande og bilar over fjorden til stavkjyrkja, gjerne kombinert med ein sykkeltur langs den “Romantiske vegen“ langs sørsida av Lustrafjorden.