top of page

RIB- og sykkeltur ved Veitastrondsvatnet

Bli med på ein guida RIB tur på Veitastrondsvatnet med E-Bike på tilbaketuren til Hafslo. Turen til Veitastrond tek omlag ein time og her fortel guiden små og morosame historiar om folket som budde rundt vatnet. Når du kjem til Veitastrond, ventar syklane på deg. Frå endestoppen på båtturen og tilbake til Hafslo, er det 30 km flatt og fint terreng. Me anbefalar alltid å ta dei ekstra 18 kilometrane opp til Tungestølen.

Veitastrond ligg i nærleiken av Jostedalsbreen. Her er det fleire bønder, det er og mogelegheit for å få kjøpe seg brunost som er produsert her. Sjå etter ost til salgs skilt langs med vegen når du sykklar. Dei bratte fjella rundt bygda, og vatnet frå breen, gjer det til et fruktbart område. I løpet av sykkelturen vil du ha ei flott utsikt over fjella og Veitastrondsvatnet som speglar dei snødekte toppane. Det er fleire fine plassar å stoppe langs vegen, både for å ta bilete eller for å ta ein pause.

Ribben tek seks passasjerar.


Ta kontakt med Kvam Guiding & Service for meir informasjon og booking.


Nettside: https://kvamgs.no/rib-bike/

Tlf: (+47) 462 97 918

E-postadresse: post@kvamgs.no


Foto: Kvam Guiding & Service.

Har du spørsmål eller spesielle ynskjer for ditt besøk?

Me vil sørge for at opphaldet ditt her hjå oss, vert så bra som mogleg! Me ser fram til å ynskje deg velkomen, til vakre Solvorn og Walaker Hotell.

bottom of page