Vinsmaking
Steffen Hilleren, utdanna vinkelner ved Norsk Sommelier Utdannelse, tilbyr private vinkurs for grupper.
Alternativ til kursets tema er bl.a.:
Champagne: Kva er vel meir stemningsskapande enn bobler i glaset? Bli med å lær meir om denne myteomspunne og sprudlande drikken. Me tek for oss historie, produksjon og dei ulike typane Champagne.
Chablis: «Alle» har høyrt om Chablis-vinane, men kor mykje veit me? Bli med til dette vesle, men store kvitvinsområdet eit godt steinkast frå Paris.
Italia: Dette fascinerande og flotte landet som har så mykje regionale forskjellar. Frå topp til tå vandrar me gjennom støvellandet og smakar på store så vel som dei små og kuriøse dråpane. Her vil mange lære mykje!
Fine wines: For dei store anledningane! Me plukkar ut eit knippe av dei verkeleg store vinane og smakar oss gjennom ting som ikkje akkurat er kvardagskost. Passar best for dei som har litt kunnskap frå før.
For meir informasjon, kontakt Steffen Hilleren:
- Telefon: 957 09 206
- E-post: hilleren.s@gmail.com