top of page
Pattern_1_white.png
Pattern_1_white.png

Galleri Walaker 300

Eit mangfald av kunst- og kulturformidling

Galleri Walaker 300 er hotellets kunstgalleri, etablert i 1990 for å markere familien Nitter Walaker sitt 300-årsjubileum på Walaker Hotell. Galleriet held til i den gamle fjøsbygningen frå 1883, som vart bygd med materialar frå den gamle kyrkja i Solvorn frå 1600-talet. Ein kan framleis sjå spor etter kyrkjedekoren i galleriet. 

I galleriet finn du utstillingar av både lokale og nasjonale kunstnarar. Tidlegare utstillingar har presentert verk av bl.a. Rolf nerli, Nico Widerberg, Magne V. Kristiansen, Astrid Grue, Tina Tobiassen, Kristian Finborud, Ørnulf Opdahl m.m. Sjå alle her.


Galleriet er opent for hotellets gjester, kvar kveld etter middag.


Lokaler i galleriet:
Smalahuset

Smalahuset, det gamle sauefjøset, finn du i fyrste etasje. Smalahuset er rustikt, med tømmerbjelkar og skifergolv, og vert brukt til utstilling av kunst så vel som selskapslokale. Rommet har to langbord og har plass til maks 36 personar.  


Møkakjellaren

Den gamle møkakjellaren vert gjerne brukt til kakebuffet eller intimt dansegolv i festlege lag.


Høyloftet 

I tredje etasje er høyloftet, den gamle låven for høy- og kornlagring. Rommet vert brukt som møterom og utstillingslokale for bilder og skulpturar.

Galleri Walaker 300

Har du spørsmål eller spesielle ynskjer for ditt besøk?

Me vil sørge for at opphaldet ditt her hjå oss, vert så bra som mogleg! Me ser fram til å ynskje deg velkomen, til vakre Solvorn og Walaker Hotell.

bottom of page