

Hovedhuset
Rikt på historie og tradisjonar
Hovudhuset ved Walaker Hotell er eit ærverdig bygg frå 1600-talet, rikt på historie og tradisjonar. Her finn du hotellets resepsjon, sjarmerande serveringslokale og sju unike gjesterom med vakker utsikt.
Hovudhuset ved Walaker Hotell har røter tilbake til 1630-talet og er eit sentralt element i hotellets rike historie. Bygningen rommar resepsjonen, fleire serveringslokale og sju historiske gjesterom, der to av desse er klassifiserte som dei beste historiske romma. Desse romma, plassert i andre etasje med utsikt mot fjord, fjell eller hotellområdet, er tilgjengelege via trapp frå entreen.
Serveringslokala i Hovudhuset inkluderer restauranten, glasverandaen og salongen. Restauranten, det største av desse, ligg i den opphavlege delen av huset og har plass til opp til 64 gjester ved større arrangement. Glasverandaen, med utgang til hagen, vert brukt til frukost- og middagsservering, og kan også fungere som eit privat lokale for mellomstore grupper. Salongen, som ligg innanfor peisestova, tilbyr ei intim atmosfære for opp til åtte personar.
For alle gjester er salongen eit felles opphaldsrom, særleg innbydande om våren og hausten når peisen er tent. Her kan ein slappe av med ei god bok eller eit glas drikke, medan ein nyt varmen og den historiske atmosfæren. For dei musikkinteresserte står eit piano til disposisjon.
Uteområdet ved Hovudhuset er også tilrettelagt for gjestene sitt velvære. Ein liten veranda ved inngangen gir flott utsikt mot fjorden og Ornes, medan hagen framfor hotellet tilbyr møblar som kan flyttast etter sola, slik at ein kan nyte finvêret heile dagen. På plattingen utanfor glasverandaen kan ein innta frukosten i morgonsola, og lysthuset vert tent opp kvar kveld, og gir plass til sju personar som ønskjer ei stemningsfull avslutning på dagen.
