top of page
Pattern_1_white.png
Pattern_1_white.png

Tingstova

Historisk atmosfære

Tingstova på Walaker Hotell er eit av dei eldste husa på eigedomen, bygd på 1620-talet. Med sin historiske atmosfære og sjarmerande detaljar, byr huset på både unike overnattingsrom og intime serveringslokale, perfekt for ei autentisk oppleving i idylliske omgjevnader.

Tingstova er ein ærverdig bygning frå 1600-talet, der tradisjon møter komfort. I første etasje finn ein eit stemningsfullt serveringslokale med langbord og sitjegrupper, ideelt for private selskap og møter. Lokalet har også direkte utgang til den vakre hagen, som vender mot Annekset og tilbyr sitjeplassar der ein kan nyte omgivnadene.


Andre etasje rommar fire historiske gjesterom, innreia med respekt for bygningens lange historie. Tre av romma er dobbeltrom, medan eitt har to separate enkeltsenger. Alle romma har private bad i klassisk "old english style", og to av dei er utstyrte med badekar. Med utsikt mot tunet, dalen eller hagen, gir Tingstova sine rom ei roleg og stemningsfull ramme for eit opphald prega av historie og tradisjon.

Tingstova

Har du spørsmål eller spesielle ynskjer for ditt besøk?

Me vil sørge for at opphaldet ditt her hjå oss, vert så bra som mogleg! Me ser fram til å ynskje deg velkomen, til vakre Solvorn og Walaker Hotell.

bottom of page