Annekset, vårt nybygg frå 1964

Overnatting i Annekset

Annekset har 11 rom. Kvart rom har dobbeltseng som kan splittast til to enkeltsenger. Romma er romslege og har ei sitjegruppe både inne og ute på ein liten terrasse. Romma peikar mot hagen og fjorden. Sofaen på romma kan slåast ut og gir sengeplass for éin vaksen eller to barn.

Ved inngangen til annekset står det kaffi kvar morgon klokka 06.30. Her kan den som startar dagen tidleg, ta med seg ein kopp kaffi til rommet eller hagen.

Uteområdet ved Annekset

Kvart rom i Annekset har utgang til ein liten terrasse med behagelege hagemøblar. Terrassen vender mot hagen og fjorden. Hagen har velduftande blomar og sildrande fontene. Dersom du kunne tenka deg ein runde Boccia er det moglegheit for dette her.

På oppsida av Annekset ligg hotellets parkeringsplass og ladestasjonar for EL-bil.