Matservering på Walaker Hotell

Walaker Hotell ligg midt i det store matfatet som Indre Sogn er. Her er det sjøkreps i fjorden, frukt, bær, heimeysta ost, og lokallaga eplejuice, for å nemna noko. Lokalprodusert mat er viktig for oss og me tek i bruk råvarer ut ifrå sesong, i den grad det let seg gjera.

 

Fast på huset er den framifrå og fastsette 4-rettars middagen med vinanbefalingar. Middagen vert servert kl. 19.30 i restauranten i Hovudhuset og er ein viktig del av opplevinga hjå oss. Walaker Hotell si omvising i Galleri Walaker 300, byrjar når middagen er over.

I hovudsesongen, juni-august, anbefaler me at de bestiller middag på førehand, då restauranten sannsynlegvis vert full.

 

Om dykk ynskjer eige selskapslokale til middag, kan vertskapet tilby to særeigne lokale:

-          Smalahuset, som ligg i Galleri Walaker 300. Her kan det dekkast opp til 36 personar til festmiddag.

-          Tingstova, som er ein av dei eldste bygningane på bruket, med eige serveringslokale i fyrste etasje. Tingstova egnar seg for mindre grupper.

 

Til frukost, som blir servert i restauranten, tilbyr me ein kombinasjon av inkludert À la carte meny, i tillegg til buffé. - Ein kombinasjon som me vonar vil gi deg ein god start på dagen. I bufféen finn du bl.a.  lokalbaka brød og heimelaga syltetøy, som vert laga av råvarer frå eigen hage eller lokale leverandørar.

 

Me vonar du får gode matopplevingar hjå oss på Walaker Hotell.