Selskap og bryllaupsfeiring

Har de lyst å ha hotellet for dykk sjølve ved neste store feiring?

Då kan de leiga heile Walaker Hotell og få dei beste rammene som finst for den store anledninga.

Me tek maks 64 gjester til middag ved større selskap. Me tilbyr 3-, 4- eller 5-retters festmiddag. 4-rettar er det som er mest brukt hjå oss.

Ved ynskje, serverer me aperitiff i hagen før middag. Om været er grått eller regnet lurer i horisonten, nyttar me Galleri Walaker sine lokal, der ein kan mingla over tre etasjar.

Middag med talar tek alltid litt ekstra tid, men når “takk for maten-talen" er gjort, så kan me alle gå frå bordet.
Kveld vert til natt, og ved lukka lag kan me “få vera oppe" litt lenger utover natta, gjerne til musikk eller andre innslag som de sjølve planlegg.

Frukosten dagen etter vert servert når de føler dykk klare for den. Om de ynskjer det, så kan frukosten nytast på frukostplattingen i sola. Ved slike store feiringar er det ofte frukost frå kl.10-12, med påfølgande sein utsjekk av romma.