Tingstova

Tingstova er ein av dei eldste bygningane på Walaker Hotell, med røter tilbake til 1620-talet. Her kan me dekke til middag i eit sjarmerande festlokale og i overetasjen finn ein fire historiske overnattingsrom.


Serveringslokale i Tingstova

I fyste etasje i Tingstova har me eit staseleg serveringslokale med langbord, og små, sjarmerande sitjegrupper.

Dette rommet passar også fint som møterom for bedrifter.

Ved festleg lag i Tingstova bør ein leige alle romma i etasjen over, for å unngå å forstyrre andre gjester.

Uteområdet ved Tingstova

Frå serveringslokalet i Tingstova har ein eigen utgang til hagen med sitjegrupper. Hagen vender mot Annekset.

I andre etasje, vendt mot Hovudhuset, har Tingstova ein liten veranda, skjerma for innsyn. Her er det utsyn mot fjorden og hotellhagen.

Overnatting i Tingstova

Tingstova har fire historiske rom i andre etasje, kvar med sin sjarm. Tre av romma er dobbeltrom og eitt er twin-rom, med to enkeltsenger. Romma er innreia etter ulike tidsepokar, med tidsriktige møblar og lafteveggar. Kvart rom har privat bad i “old english style”, to av dei med sjarmerande badekar. I Tingstova har romma klesskap, og ein har utsyn mot tunet, oppover dalen eller hagen. Romma har trappetilkomst.