Romkategoriar

 
 

Beste historiske dobbeltrom

Rom 20 og 23 er dei største historiske romma på Walaker Hotell, med den mest imponerande utsikten til Sognefjorden og rosehagen. Størrelsen på dei beste historiske dobbeltromma er ca. 30 m². Romma er innreia med tidsriktige møblar og tapet. Baderomma er i “old english style” og har sjarmerande badekar med løveføter, i tillegg til dusj.

Rom 20 og 23 er i andre etasje på Hovudhuset, vendt mot fjorden. Romma har trappetilkomst.


Historiske dobbeltrom

Det er åtte rom i kategorien historiske dobbeltrom. Romma er fordelt på to bygningar, fem i Hovudhuset og tre i Tingstova. Romma er ulike og er innreia med tidsriktige møblar og tapet. Kvart rom har privat bad i  “old english style”. Romma har trappetilkomst. I Tingstova har romma klesskap og to av romma har sjarmerande badekar.


Historisk twin-room med to enkeltsenger

Rom 50 er vårt einaste historiske twin-rom, med to enkeltsenger.

Rommet er i andre etasje i Tingstova og har trappetilkomst. Her har ein utsyn oppover dalen og ned mot tunet. Rommet er sjarmerande med lafteveggar og tidsriktig innreiing.


Superior rom i Annekset, Walaker Hotell sitt nybygg frå 1964

Walaker Hotell har 11 Superior rom i Annekset. Kvart rom har dobbeltseng som kan splittast til to enkeltsenger. Her har ein sitjegruppe både inne og ute på ein liten terrasse. Romma i Annekset er romslege, ca. 36 m² inkludert terrassen. Romma peikar mot hagen og fjorden. Sofaen på romma kan slåast ut og gir sengeplass for éin vaksen eller to barn. Romma har klesskap, samt privat bad. Sidan romma er romslege, kan dei vera eit godt alternativ for dei som vil bu i fleire dagar.


Delux rom i Villa Walaker - kjem sessong 2024

Walaker Hotell bygger 4 nye Delux rom klar for sessong 2024